Aprilspøkbilde

Lanserer nytt varmtvatnprosjekt

Eramet vil bruka 60-70 gradervarmt vatn til å gjera Saudafjorden isfri.

– Nå vil me kjøra alt overskotsvarmtvatnet vårt rett på fjorden. Dette skal bidra til å halda fjorden isfri, sjølv på iskalde vinterdagar, seier Kåre Bjarte Bjelland, verksdirektør ved Eramet Sauda.

Eramet har i vinter hatt store problem som følge av at Saudafjorden har vore islagt i fleire månader i strekk. Fleire leveransar har blitt kansellert, og verket har tapt pengar. Kor stort det økonomiske tapet er vil ikkje Bjelland ut med, men han legg ikkje skjul på at ein snakkar om sjusifra tal.

– Me har også brukt fleire hundre tusen kroner bare på isbrytarar, men råka har raskt frose igjen, seier han oppgitt.

To av lasteskipa som har greidd å bryta seg gjennom fjordisen i vinter har dessutan fått skader i skroget. Isen har, bokstaveleg talt, ført til eit iskaldt forhold mellom Eramet og enkelte kundar.

Ideen om å bruka overskotsvarmtvatnet frå omnshuset til å varma opp fjorden kom frå Brede Rokås, driftsleiar for kaldtområdet ved smelteverket.

– Ei eventuell realisering av det planlagte energigjenvinningsanlegget vårt ligg truleg fleire år fram i tid. Inntil dette skjer, har me store mengder varmtvatn som ikkje blir brukt til noko. Dette vatnet held i dag 40-50 grader, men me kan, med hjelp av CO-gassen, varma det ytterlegare opp til 60-70 grader før me sender det på fjorden, forklarer han.

Prosjektet er støtta av Enova.

– Dette er eit energiprosjekt. Eit samfunnsøkonomisk gunstig prosjekt, presiserer Rokås.

Tanken er å legga røyra ut midtfjords, midt mellom Sagfossen og småbåthamna.

– Me kan kjøra ut 200 kubikk per time. Eit liknande prosjekt er faktisk utført hos vår søsterbedrift i Canada. Der er Lake Erimata nå isfri kvar vinter, fortel Rokås.

Eramet sin eigennytte av ein isfri fjord har vore drivkrafta bak prosjektet, men verksdirektør Kåre Bjarte Bjelland seier at Eramet også har ønska å hjelpa båtforeininga og turistnæringa i bygda.

– At Sauda er ein god plass å vera, både for fastbuande og turistar, er viktig for Eramet. Me er avhengig av at folk trivst i Sauda, seier han.

Verksdirektøren utelukkar ikkje at varmtvatnet kan bidra til så høg vasstemperatur i fjorden store delar av året, også om vinteren, at det i seg sjølv blir ein turistattraksjon.

– Kanskje kan ein bada i fjorden midtvinters, spekulerer Bjelland.

Den islagde Saudafjorden førte til at årets båtpåske måtte avlysast, til enorm skuffelse for både turistar, båtforeininga og turistnæringa i bygda. Hamnesjef i Sauda motorbåtforening, Trygve Snare, gler seg stort over Eramet sine planar, som han blei gjort kjent med like før påskehelga.

– Dette er heilt fantastisk. Eg har drøymt om å finna løysingar på isproblema, men ante ikkje at løysinga var så nær – og så enkel, seier han blidt.

Hamnesjefen fortel at båtforeininga nå festar sin lit til varmtvatnprosjektet til Eramet og ser føre seg isfrie båtpåsker i åra framover.

– Desse boblene frå Sønnå kraftverk borte i Sønnåhamn skulle også føra til sirkulasjon i fjorden og såleis hindra isdanning. Men det har jo ikkje funka. Men varmtvatnet til Eramet har eg verkeleg tru på, seier han optimistisk.

Les meir i papirutgåva onsdag.