Aspirantar

Elsker ”Ja, vi elsker”

22 korpsaspirantar er klare til 17. mai. Høyr tiåringane spela nasjonalsongen.

Fjerdeklassingane har fått korpsundervisning på skulane sine etter skuletid ein dag i veka sidan i fjor haust. I går, onsdag, var første gong alle aspirantane var samla til ei fellesøving på Risvold skule i Saudasjøen. Dette var også kvelden då dei for aller første gong fekk ta på seg korpsuniformar.

Aspirantane skal ha ei fellesøving til før nasjonaldagen, samt ei øving med vaksenkorpset, som også skal spela på 17. mai. På sjølve dagen skal aspirantane spela, utan uniformar, før barnetoget går ut frå paviljongen. Seinare på dagen skal dei ta på seg uniformane og spela i folketoget.

– Den aller kjekkaste songen å spela er ”Ja, vi elsker”, fortel ti år gamle Marte Ljung blidt.

Les meir i papirutgåva.