Ann Iren Nordhagen

Kortare veg til helsehjelp

Men framleis er det eit stykke veg å gå for å utnytta muleghetene innan telemedisin.

«Hvordan kan telemedisin bidra til å redusere befolkningens ulemper ved å bo i en utkantkommune?»
Dette er tittelen på sluttrapporten Ann Iren Nordhagen og Brita Øygard nyleg har lagt fram. Frå 1. desember 2011 har dei stått i spissen for eit utviklingsprosjekt med mål å få på plass og ta i bruk elektronisk utstyr både i behandling av pasientar og til videokonferansar.

– Muleghetene er mange for å forenkla og effektivisera kvardagen for både helsepersonell og ikkje minst for pasientar som kan sleppa lange og slitsame reiser, konstaterer Ann Iren Nordhagen om denne avstandsuavhengige teknologien.

Ann Iren Nordhagen er einingsleiar ved Sauda Distriktsmedisinske Senter, og fortel at ein i Sauda alt gjer seg god nytte av telemedisin. Ho reknar opp tuberkolosekoordinatoren, dialyseavdelinga, lærings- og meistringssenteret, BUP (barne- og ungdomspsykiatrien), psykisk helsevern og diabetestenesta som døme på område som anten nyttar telemedisin i dag eller som gjerne vil prøva det ut. Rehabilitering er eit anna aktuelt område.

Les meir i papiravisa eller last ned e-avisa