RYKKA UT: Samtlege naudetatar rykka i dag måndag ut til Birkeland der dei har ei stor øving. (Arkivfoto: Vidar Eliassen)
RYKKA UT: Samtlege naudetatar rykka i dag måndag ut til Birkeland der dei har ei stor øving. (Arkivfoto: Vidar Eliassen)

Har to ambulansar – bruker ein

Ambulansestasjonen i Sauda manglar fagfolk til å bemanna begge bilane.

– Beredskap er alltid ein ”knapphetsressurs”. Likevel, me gjer alt me kan for å oppretthalda god beredskap i Sauda, seier John Olav Digranes, Helse Fonna sin seksjonsleiar for ambulansetenestene i Hardanger og Ryfylke.

I dagens avis kan ein lesa kommuneoverlege Knut A. Omdal sine tankar om korleis det medisinske hjelpeapparatet skal handtera sjukdom, skader og ulukker i Sauda på kvelds- og nattestid og i helgar dersom legevakta er stasjonert i Ølen. I svara til Omdal speler ambulanseberedskapen ei heilt avgjerande rolle i dei aller fleste tilfella.

Les meir i om legevakt-saka i papirutgåva eller last ned e-avis her.

Seksjonssjefen presiserer at Sauda uansett har to fullt utrusta ambulansar tilgjengeleg.

– Ved akutte behov, for eksempel viss døgnbilen er opptatt, kan me kalla ut folk for å bemanna den andre ambulansen. Uansett tid på døgeret, seier han.

Likevel, ein har ingen garanti for at dei ambulansetilsette er tilgjengelege når dei har gått av sine faste vakter og etter retten har fri.

Les heile saka i papirutgåva eller last ned e-avis her.

Digranes minnar då om at ambulanseberedskapen i distrikta ikkje lenger er styrt av geografiske grenser.

– Viss me får utfordringar med beredskapen ein stad kan me flytta ambulansar inn til Sauda, for eksempel frå Suldal eller Ølen. Dette er ikkje uvanleg i området vårt, fortel han.