Dyr bytur for obskøne menn

Enda med å få kvar sitt forelegg på 8 000 kroner.

I 14.15-tida torsdag fekk politiet melding om at to menn laga sjau i Sauda sentrum. Dei to, ein mann i tjueåra og ein mann i førtiåra, var rusa og kom med obskøne tilrop til forbipasserande i sentrum. Dei gjekk også ut i vegbanen og hindra bilar i å passera.

Då politiet kom til staden var dei også obskøne og forulempande mot betjentane.

Begge blei sett i sentralarresten i Haugesund, og dei har fått kvar sitt forelegg på 8 000 kroner for ordensforstyrrelse.