Avlyste junior-BCCen

Såg bare 30 meter på grunn av tåka.

– Me prøvde først å utsetta starten ein halvtime, men det blei ikkje betre. Dessutan begynte juniorane, som er frå åtte år og oppover, å bli kalde. Så me valde å avlysa. Synd, men det er lite me kan gjera med vêret, seier Rune Bastlien i arrangementsgruppa for Sauda BCC.

Tett tåke og snø i lufta gjorde at det ikkje var muleg å sjå meir enn tretti meter framfor seg fjella i Svandalen i dag, laurdag. Når utøvarane skal setta utfor bratte Ravnefjell er god sikt viktig.

32 barn mellom åtte og 17 år hadde meldt seg på til junior-BCC-konkurransen.