34. plass til Thomassen

Hamna midt på resultatlista i Røldal NedOpp.

Sundag blei skikonkurransen Røldal NedOpp arrangert. I Røldal NedOpp skal deltakarane først kjøra ein omgang med storslalåm, før dei skal gå 4,5 kilometer langrenn i motbakke. Eitt sekund etter vinnaren i alpinbakken gir tjue sekund seinare start i langrennsløypa. Saudabuen Håkon Hoff Thomassen, som er aktiv skiskyttar, deltok. Han hamna på 34. plass – fire minutt og fire sekund bak vinnaren, Harald Astrup Arnesen frå IL Heming.

På resultatlista i herreklassen finn me mange kjende namn, blant andre Øystein «Pølsa» Pettersen (5), Lars Berger (10), Magnus Moan (19), Chris Jespersen (20), Sjur Røthe (21), Anders Aukland (24), Jørgen Aukland (32) og Thor Asle Gjerdalen (39).

Brede Halsnes, også han med sterke slektsanar i Sauda, hamna på ein 51. plass. 64 utøvarar fullførte konkurransen.

Kvinneklassen blei vunne av Tuva Staver Toftdal. 14 kvinner fullførte.