*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VEKS: Fleirtalet blant saudapolitikarane stemte for å bygga på Austarheim skule. (Arkivfoto)

Bygger på Austarheim skule

Kommunestyret vil ikkje endra på krinsgrensene eller omplassera elevar.

På saklista til kommunestyret i dag, onsdag, stod saka «Vurdering av løsningsmodeller i forbindelse med økning i elevtallet på barnetrinnet».

Fleirtalet i formannskapet gjekk inn for alternativ 4 – altså ei utbygging på Austarheim skule, som får auka elevtal komande skuleår.

Då kommunestyret diskuterte saka, ønska Høgre og Framstegspartiet at det blir gjort mindre, mellombelse løysingar, og at ein tar ein nøye gjennomgang av den lokale skolestrukturen i Sauda til hausten.

Varaordførar Laura Seltveit meiner det er viktig å ta raske avgjerder av og til, og minna om at det fram mot 2022 vil vera fullt på Austarheim skule.

– Og med den tilflyttinga me har, har me behov for ei slik utbygging, sa Seltveit.