Gav skjenkeløyve

Sauda sentrumsutvikling får servera alkohol på Rådhusplassen ein dag i påsken.

Sauda Sentrumsutvikling har søkt kommunen om å få servera mat og alkohol på Rådhusplassen to dagar i påsken. Kommunestyret behandla saka i dag, onsdag. Høgre sine representantar, Ivar Tangeraas, Laila Stødle og Knut Atle Seim argumenterte sterkt for å gi skjenkeløyve, men fleirtalet signaliserte at dei helst ikkje vil ha alkoholservering på Rådhusplassen. Høgre la fram forslag om å tillata alkoholservering tysdag kveld i påskeveka. Dette forslaget blei vedtatt mot fire stemmer.