GJEKK SAMAN: Arbeidarpartiet , Kristeleg Folkepart og Venstre var enige om at det er rett å gå inn for interkommunalt helsesamarbeid. Frå venstre: Wenche Hoftun (Ap), Asle Rafdal (Ap), Bernt Egil Strømme (KrF) og Knut Saua (V). 8foto: Ingvil Bakka)

Sa ja til Ølen

Fleirtalet – Ap, V og KrF – stemte for å flytta legevakta til Ølen.

Elleve av dei 19 kommunestyrerepresentantane stemte for det interkommunale helsesamarbeidet og felles legevakt i Ølen. Alle dei ni representantane til Arbeidarpartiet stod samla på eit ja-standpunkt, og fekk med seg stemmene til Venstres Knut Saua og Bernt Egil Strømme frå Kristeleg Folkeparti.

Dermed var tysdagens 8-6-fleirtal til nei-sida (og 5 usikre) snudd til 11-8-fleirtal til ja-sida.

Høgres Ivar Tangeraas, Laila Stødle, Knut Atle Seim og Kathrine Skorpe, Senterpartiets Karl Erik Handeland og Haldis Eikeland, Framstegspartiets Tore Johan Prestegård og Sosialistisk Venstrepartis Eli-Jorun Tangeraas stemte mot det interkommunale helsesamarbeidet og legevaktflyttinga, og ønska ei lokal legevakt i Sauda.

Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti la fram eit sju-punktlangt tilleggsforslag, der dei blant anna ber rådmannen utgreia mulegheten for ei forlenga lokal legevakt til klokka 23.00 på vekedagane. Tilleggsforslaget blei vedtatt.

Les meir i papirutgåva fredag.