NEI: Kommunestyret sa nei til å halda folkeavstemming om legevaktflyttinga. Saudabuen viste sin tydelege motstand mot ølenalternativet tysdag ettermiddag. (Foto: Ingvil Bakka)
NEI: Kommunestyret sa nei til å halda folkeavstemming om legevaktflyttinga. Saudabuen viste sin tydelege motstand mot ølenalternativet tysdag ettermiddag. (Foto: Ingvil Bakka)

Sa nei til folkeavstemming

Kommunestyret meiner dei veit kva saudabuen vil i legevaktsaka.

– Eg syns eg har fått eit veldig klart svar på kva folk vil, sa Wenche Hoftun frå Arbeidarpartiet.

Fleirtalet i kommunestyret stemte i dag, onsdag, nei til å halda folkeavstemming om legevaktplasseringa.

Framstegspartiet og Høgre argumenterte for å halda ei folkeavstemming.

– Som politikarar valt av folket, bør me høyra på folket, sa Tore Johan Prestegård frå Framstegspartiet.

– For lettvidt å avvisa eit krav om folkeavstemming, sa Høgres Ivar Tangeraas, sjølv om også han måtte innrømma at polikarane veit kva folk meiner om dei to legevaktalternativa.

Sosialistisk Venstrepartis Eli-Jorun Tangeraas var heller ikkje i tvil om kva saudabuen meiner og påpeika at ho meiner det derfor er unødvendig å bruka 100 000 kroner på ei folkeavstemming.

Innstillinga frå rådmannen om å seia nei til ei folkeavstemming blei vedtatt mot stemmene til Framstegspartiet og Høgre.