*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
AVSTEMMINGA: Representantane frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre var blitt einige om å stemma ja til helsesamarbeidet og legevaktflyttinga. Høgres Ivar Tangeraas (frå venstre), Laila Stødle, Knut Atle Seim og Sosialistisk Venstrepartis Eli-Jorun Tangeraas, stemte for rådmannen sitt saudalegevakt-alternativ 2, saman med Høgres Kathrine Skorpe, Senterpartiets Karl Erik Handeland og Haldis Eikeland og Framstegspartiets Tore Johan Prestegård (dei fire sistnemnde er ikkje på biletet). (Foto: Ingvil Bakka)

Legevakt-forhandlingar i kulissane

Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre blei først einige like før kommunestyret starta onsdag morgon.

– Eg hadde ikkje bestemt meg då eg gjekk inn på Rådhuset. Men då eg gjekk i kommunestyret hadde eg bestemt meg, seier Kristeleg Folkepartis Bernt Egil Strømme.

Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti samla seg i eit internt møte onsdag morgon klokka 07.30 – ein time før møtet i kommunestyret. Seks av Arbeidarpartiet sine representantar hadde i fleire dagar stått fast på sitt ja-standpunkt, medan Asle Rafdal, Anja Røyrøy Pettersen og Mette Seim hadde signalisert at dei var usikre. Partiet hadde gruppemøte måndag kveld. Også Venstres Knut Saua var, som Kristeleg Folkepartis Bernt Egil Strømme, lenge usikker på kva han skulle stemma når saka ”Interkommunalt helsesamarbeid” kom opp.

– Eg var veldig i tvil. Det var dei sju tilleggspunkta som var utslaget for min del, forklarer Saua.

Venstrepolitikaren meiner vedtaket som til slutt blei fatta – med tilleggspunkta – et ei langt betre avgjerd enn det som låg i innstillinga frå rådmannen.

– Hensikta er å få ein betre forhandlingsposisjon og lettare få gjennomslag for våre ønske i dette samarbeidet. Valet eg til slutt tok gjorde eg ut frå det eg meiner er bygda sitt beste på sikt, seier Knut Saua.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her