OPTIMIST: Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for interkommunalt helsesamarbeid i indre Ryfylke ser lyst på framtida i helse-Sauda. Ho er sikker på at samarbeidet er uungåeleg på sikt, og vil gi sterkare, tryggare tilbod til saudabuen. (Arkivfoto: Arvid Horpestad)

Trur på ei betre løysing

Større legevakt vil gi auka tryggleik for pasientar og helseframtida i Sauda ser lysare ut, meiner prosjektleiaren for helsesamarbeidet.

Debatten har gått høgt om det interkommunale helsesamarbeidet. Dei tydelegaste meldingane har vore sterke protestar frå folket, men ikkje alle ser svart på samarbeidet. Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for det interkommunale helsesamarbeidet, er ganske optimistisk.

– Ved eit samarbeid vert legevakta større og sterkare. Problemet no er at me er små, med berre éin person på vakt. Dersom me vert større, vil me ikkje vere så sårbare, seier Aslaug Tangeraas.

Ifølgje prosjektleiaren er fordelane ved samanslåinga todelt.
– På den eine sida har me dei tilsette. Med både lege og sjukepleiar på legevakta kan me få auka kompetanse og betre arbeidsforhold. I Sauda slit me, og det same ser me i andre kommunar. I ei større eining vil det verte betre rutinar og meir samøving med andre instansar – til dømes øvingar med ambulansepersonell, forklarer Tangeraas.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.