*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FOTO: Arkiv.

Mann knivstukken

Laurdag kveld klokka 22.05 fekk politiet melding om at ein mann hadde vorte knivstukken i Sauda.

Laurdag kveld klokka 22.05 fekk politiet melding om at ein mann på 18 hadde vorte knivstukken i Sauda.

I følgje politiet vart mannen frakta til Haukeland Universitetssykehus etter hendinga, men skal ikkje vere livstruande skadd. Pressemeldinga frå sjukehuset i Bergen beskriv fornærma som alvorleg såra.

Grunnen til hendinga er førebels ukjent, men mange skal ha vore til stades heime hos den 23 år gamle gjerningsmannen då knivstikkinga skjedde.

Gjerningsmannen vart pågripen, og sjølv om han har vore i kontakt med politiet før, ønsker ikkje politiet å uttale noko om dette forholdet.

NRK opplyste rett før midnatt laurdag at vedkomande vart teke med til Haugesund.
– Den 23 år gamle gjerningsmannen er frakta til arresten i Haugesund. Saka blir etterforska utover kvelden med avhøyr av vitne, fortel operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK.

Ryfylke følger saka vidare.