*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SEIER OPP: Dokter Anne Ruth Syrtveit Mikalsen skulle gjerne blitt med på utviklinga av både Sauda legesenter og legevaktsamarbeidet, men manglande lærarjobb til ektemannen gjorde at trebarnsfamilien nå flyttar til Telemark. Der har både ho og mannen fått jobb. (Foto: Ingvil Bakka)

Ny lege sluttar ved legesenteret

Dokter Anne Ruth Syrtveit Mikalsen føler seg svikta av Sauda kommune og har sagt opp stillinga si.

– Då eg sa ja til legestillinga i Sauda stilte eg to krav: At me fekk barnehageplass til yngstemann og at mannen min fekk seg lærarjobb. Nå er det snart gått eitt år og Vidar står framleis utan jobb i Sauda, seier Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, som har jobba som fastlege ved Sauda legesenter sidan 1. juli 2013.

Frå og med 1. august er Syrtveit Mikalsen ikkje lenger tilsett i Sauda kommune. Familien flyttar til Kviteseid i Telemark, der både ho og mannen nå har fått seg jobb. Syrtveit Mikalsen legg ikkje skjul på at ho er skuffa over Sauda kommune. Ho fortel at ho våren 2013 fekk klare forsikringar om at det ville ordna seg med både barnehageplass og jobb.

– Det verkar som det har vore dårleg kommunikasjon her, når nokon i helsevesenet lovar noko på vegner av andre, og når desse løftene ikkje blir sendt vidare i det kommunale systemet, seier Syrtveit Mikalsen.

Ho presiserer at ho ikkje har noko krav på at hennar ektefelle skal komma først i jobbsøkarkøen, men at lovadane familien fekk om at det ville ordna seg med jobb, gjorde at dei hamna i nettopp Sauda.

– Eg har jobba som lege i seksten år og har ein del erfaring, blant anna innan interkommunalt legevaktsamarbeid. Eg sit på kompetanse eg trur Sauda kunne dratt nytte av. I tillegg har Sauda vore i beit for legar. Då synest eg det er synd at det ikkje blir gjort meir for å få oss til å bli, seier dokteren.

Les meir i papirutgåva eller last end eavis her