TOPPMØTE: I fjor møtte motbakkegeneral Per Inge Fjellheim denne karen på veg opp til Galdhøpiggen. Terje Christensen hadde med seg sykkelen sin opp til den 2 469 meter høge fjelltoppen. I desse dagar er han på veg til Sauda, for å ”sykla” til Hovlandsnuten på laurdag. (Foto: Per Inge Fjellheim)

Til Hovlandsnuten – på sykkel

Terje Christensen er litt sprø og liker å skryta av det.

– Eg driv med dette kun for å skryta av det. Det er viktig å skryta av seg sjølv når ein har gjort noko ein er stolt av, seier Terje Christensen, gründer og syklist.

Sundag for to dagar sidan starta askerværingen årets sykkelprosjekt: Sykkeltur til Sauda og deltaking i motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp. Målet er å nå Sauda før løpet startar laurdag. Christensen fortel at han kun har eitt sykkelprosjekt per år – og at deltakinga i Hovlandsnuten Opp er eit resultat av eit møte med motbakkegeneralen Per Inge Fjellheim, på Galdhøpiggen i fjor. Fjellheim blei fascinert av mannen som bar sykkelen med seg opp til Norges høgaste fjelltopp. Christensen lova å komma til Sauda i 2014.

Christensen har spesialisert seg på å ta sykkelen med seg til ikkje nødvendigvis ”sykkelvenlege” stader. Blant anna har han også hatt med sykkelen over Besseggen, til Kjerag og til Preikestolen. Han trener ikkje, og er ikkje opptatt av utstyr.

– Eg veit ikkje ein gong kva type sykkel eg har. Den er ein sånn vanleg sykkel. Eg får ikkje lov til å trena sykkel eller røra sykkelen før den eine gongen i året. Eg driv med idrett kun for å skryta av det, forklarer han muntert.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her