*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
UP AND COMING: Fredrik Aartun (t.v.) og kompisen Christoffer Bjørnsen Wig utgjer gruppa «between hay and grass», og har brukt helga på å spele inn sin første EP. (Foto: Julie Arnfred Bojesen)

Framtidslyd i historiske omgivnadar

Vinnarar av konkurranse brukte helga på innspeling i musikkstudioet i Klubben.

– No held me på å lage ein guide, som er ei innspeling av, i dette dømet, gitar og vokal, som skal vere rettleiande for trommeslagaren sitt eigentlege opptak, forklarer Ståle Bjørnsen engasjert.

Han sit ved miksepulten i eit rom på scenen i Klubben i lag med sin medprodusent Lital Ami. Ho diskuterer korleis trommeslagar Erlend Markussen bør spele på opptaket, og Fredrik Aartun og Christoffer Bjørnsen Wig sit med kvar sin gitar i sofaen.

Det historiske saudabygget har vore i Ståle Bjørnsen sine hender sidan han kjøpte det i 2005. No er huset der folk frå høgare sosiale lag møttest før i tida, gjort om til eit innspelingsstudio under namnet The melting pot Recording Studio as. Laurdag ettermiddag var storsalen ikkje fylt opp av danseklare gjester, men av trommesett, mikrofonar, lydveggar, gitarkassar, leidningar og lyskastarar.

 

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.