*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYTT APOTEK: Boots har inngått avtale med Etne Apotek. Boots vil hjelpe sistnemnde med overgangen, og det meir lokalforankra apoteket frå Etne opnar i Boots sine noverande lokal i september. (Arkivfoto: Linda Merethe Lie)

Opnar apotek i september

No er det klart at Etne apotek opnar filial i lokala til Boots medisinutsal.

Saudabuen har sidan starten av mai måtte greie seg utan apotek, då Boots apotek måtte legge ned som følge av manglande farmasøyt. Sidan har det vore mykje debatt om lokalapotek i Sauda, og i starten av juli vart det offisielt at den største apotekkjeda i landet, Apotek 1, ville starte apotek i dei tidlegare banklokala til Sparebank1 SR-bank.

No viser det seg at Sauda står overfor å få heile to apotek. Boots har forhandla med Etne apotek, som kjem til å overta lokala som har husa apoteket i Sauda i mange år, og dei som har vore tilsette i Boots så langt, om medarbeidarane er interesserte i å fortsette i velkjende omgivnadar. Administrerande direktør i Boots Norge, Margrethe Sunde, er overtydd om at ei meir lokalforankra apotekløysing er det beste for Sauda.

Etne apotek overtek lokala 1. september, og opnar kort tid etter.

Les meir i papirutgåva tysdag 22. juli!