*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
AVGRENSA FRIDOMSSYN: Leiar av Rogaland Unge Venstre, Eirik Tangeraas Lygre, synest det er på høg tid at arbeidsmiljølova vert tilpassa dagens arbeidsmarknad, og meiner at venstresida har eit avgrensa syn på fridom når dei berre fokuserer på fridom frå materielle hindringar. (Foto: Privat)

Skuldar arbeidarrørsla for faktafeil

Eirik Tangeraas Lygre reagerer på utspelet mot forslaget om «ny» arbeidsmiljølov.

For to veker sidan gjekk venstresida i Sauda hardt ut mot den blå regjeringa sitt endringsforslag til arbeidsmiljølova. No reagerer leiar av Rogaland Unge Venstre, Eirik Tangeraas Lygre, på faktafeil frå arbeidarrørsla.
– Diskusjonen om at regjeringa vil fjerne fireårsregelen for midlertidig tilsetting er ein kunstig diskusjon. Det er ikkje det som er føreslått av Høgre og FrP, snarare tvert om. Regjeringa diskuterer å betre regelen slik at midlertidig tilsette får rett på fast jobb etter tre eller to år, og ikkje fire, slik det er i dag, påpeiker Tangeraas Lygre.

Regelen om å få fast jobb etter midlertidig tilsetting gjeld berre private.
– Venstre stiller krav til regjeringa om at ein skal få fast jobb etter berre to år, og det skal óg gjelde offentlege instansar. Det gamle regelverket rammar nokre av dei viktigaste yrkesgruppene me har i Sauda; hjelpepleiarar, lærarar og politifolk. Det er uforståeleg at ikkje arbeidarrørsla seier noko om dette, fastslår ungdomspolitikaren.

I Eirik Tangeraas Lygre sine auge omfamnar venstresida i norsk politikk fridomen frå økonomiske hindringar, og høgresida fridomen til å styre sitt eige liv. Sjølv meiner han at partiet hans, Venstre, møter begge desse syna.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.