*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
DOBBELT OPP: Apotek 1 vil opna sjølvstendig apotek i dei tidlegare SR-Bank-bygget i oktober, medan Etne Apotek opnar filial i dei gamle apoteklokala i Sparebank-bygget i september. (Illustrasjonsfoto: Julie Arnfred Bojesen)

To apotek til Sauda

Sauda går frå null til to apotek.– Eg ville vore fornøgd med å få eitt apotek i bygda. Nå får me to, då er eg sjølvsagt kjempefornøgd, seier ordførar Frode Sulen.

I sommar blei det klart at både Apotek 1 og Etne Apotek ønsker å starta apotek i Sauda. For mange saudabuar, som synest det var tungt å takla tapet av det lokale apoteket i april i år, var nyhetene nesten for gode til å vera sanne. Mange har nok rekna med at minst ein av interessentane vil trekka seg når det lir på. Men begge apoteka står fast på planane om å etablera seg i Sauda i løpet av hausten.

Apotek 1, som har inngått leigeavtale med Jørgensen Eiendom AS om lokala i det tidlegare SR-Bank-bygget, har alt tilsett tre farmasøytar, alle lokale, og tre teknikarar til sitt sjølvstendige apotek i Sauda.
– Me har absolutt ingen planar om å trekka oss. Til det er prosessen kome alt for langt, og me har alt lagt ned mykje pengar i dette, seier Håvard Brummenæs, regionsjef i Apotek 1.

Etne Apotek, med eigar Roy Martin Øyjord i spissen, har heller ingen planar om å gi opp apoteketableringa i Sauda.
– Nå er det ingen veg tilbake. Me har brukt 40 000 kroner på å skaffa oss konsesjon og er kome godt i gang med planlegginga. Me står fast på opning i september. Heldigvis treng ikkje gjera noko med lokala, seier Øyjord.
Apoteket dei opnar i Sauda vil vera ein filial under Etne Apotek.
– Og me har farmasøytar. Det er faktisk det minste problemet, seier Øyjord.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.