Jaktstart søndag

Komande sundag startar bukkejakta på rådyr.

– Nå er det tillatt å nytta kunstig lys ved eit eventuelt ettersøk, noko som sikrar ei rask oppfølging dersom det er skadeskyting. Det er til beste for både viltet og jegeren, heiter det i ein uttale frå Norges jeger- og fiskerforbund.
Stortinget vedtok i vår endringar i viltlova. Dei største endringane er at kunstig lys og motorbåt blir tillatt under enkelte ettersøksformar. Bukkejakt er jakt på hornberande råbukk, og startar 10. august kvart år i Noreg. Den regulære rådyrjakta startar 25.september og sluttar samtidig med bukkejakta; 23. desember.