*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LITEN FRAMGANG: Hotellsjef Jens Brokmann ser at sjølvom ting tek tid, går drifta av Sauda Fjordhotell rett veg. Ein plass på ei liste over dei 200 beste hotella i landet er med på å løfte omtalen.

Eit av landets beste

Drifta av Sauda Fjordhotell går sakte men sikkert oppover.

Jens Brokmann kjøpte Sauda Fjordhotell for eit år sidan. Etter ein tung start, går det sakte, men sikkert rette vegen. I førre veke kom det historiske hotellet på ei liste over dei 200 beste hotella i landet.

Nettsida nettavisen.no har kåra dei 200 beste stadane å overnatte i Noreg, og Sauda Fjordhotell er eit av hotella i Rogaland som tronar på lista. «Et tradisjonsrikt og velholdt hotell med svært god beliggenhet. Restauranten har tradisjonell norsk mat og det hele oser norsk historie», står det i omtalen.
– Me er stolte over denne plasseringa. Det er veldig positivt, seier hotellsjefen nøgd.
I 2012 var det registrert 1 102 hotell i Noreg, og inne på reservasjonssida booking.com er det oppført 2 875 overnattingsstader.

Sauda Fjordhotell opna i oktober i fjor etter å ha vore stengt i halvtanna år, og har med noko oppgradering vorte eit Best Western-hotell.
– Det går oppover. Det var vanskeleg å starte utan kundegrunnlag, så det var som ei nyetablering, sjølv om hotellet har vore i drift før. Ting tek tid, vedgår Jens Brokmann, men understrekar at det går i rett retning.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.