GODE KOLLEGAER: Stortingspolitikaren Torstein Tvedt Solberg er stornøgd med dei greie kollegaene i omnshuset. Frå venstre: Hege Eline Rike Hansen, Torstein Tvedt Solberg og Tina Håheimsnes. (Foto: Cornelia Bregård)
GODE KOLLEGAER: Stortingspolitikaren Torstein Tvedt Solberg er stornøgd med dei greie kollegaene i omnshuset. Frå venstre: Hege Eline Rike Hansen, Torstein Tvedt Solberg og Tina Håheimsnes. (Foto: Cornelia Bregård)

Frå Stortinget til fabrikkarbeid

Stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg har fått smake på fabrikkindustrien.

Stortingspolitikar Torstein Tvedt Solberg utleverte arbeidskrafta si til fabrikken, og har denne veka arbeida i tappen – den varmaste og mest intense avdelinga av prosessen.
– Eg har vore heldig som slapp skiftarbeid, eg har berre hatt formiddagsskift. Eg kom klokka åtte på måndag, og alt halv ni var eg plassert i arbeid. Det er kjekt og utruleg stilig, trass varme og intensitet, fortel den unge politikaren med eit breitt smil.

Stortingspolitikaren drar ikkje herfrå med tom ryggsekk.
– Denne veka har utan tvil vore med på å påverke korleis eg tenker i forhold til arbeidarpolitikk og industri. Arbeidarpartiet no er inne i ein prosess med å prøve å finna på ny ting, tenkje annleis og nyskapande. Eg trur det er viktig for partiet å ikkje berre gløyme kor ein kjem frå, men heller ikkje denne delen av industrien og næringslivet, meiner Torstein Tvedt Solberg bestemt.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.