*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BLIR SATSA PÅ: Dei franske eigarane har tru på framtida til den lokale glasfabrikken. Medan dei legg ned ein større fabrikk i Fredrikstad, aukar dei satsinga på drifta i Saudasjøen. Ein ny femårig leigekontrakt er nyleg underteikna.

Legg opp til drift i minst fem år til

Dei franske eigarane legg ned i Fredrikstad – og styrkar drifta i Sauda.

– ”A new start”. Me har måtta ta ei tøff avgjerd, men nedlegginga i Fredrikstad er for å betra drifta ved dei andre fabrikkane våre. Eit grep for framtida, seier Benoit Chatillon, administrerande direktør i Saint Gobain Bøckmann AS.

Tysdag blei det klart at det franske konsernet, Saint Gobain Bøckmann AS, stansar all produksjon ved glasfabrikken sin i Fredrikstad. Ved denne fabrikken jobbar det i dag 75 tilsette. Glasfabrikken i Sauda, derimot, blir verande. Benoit Chatillon fortel at bedrifta nyleg har fornya leigeavtalen i produksjosbygget i Saudasjøen med fem nye år.
– Me ønsker å styrka produksjonen av laminert glas ved fabrikken i Sauda. Sauda skal styrkast. Me har starta med ein ny strategi, forsikrar direktøren.
Chatillon vil, av omsyn til konkurransekrafta, ikkje uttala seg om rekneskapstala for fabrikken i Sauda dei siste åra.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.