FORNØGDE: Kultursjef Åshild Marie Øverland (til venstre) og kinosjef Gudrun Rueslåtten er spesielt stolte over at det er dei nå restaurerte veggmåleria i Folkets Hus som prydar framsida på programmet til Kulturhaust i Ryfylke. (Foto; Ingvil Bakka)
FORNØGDE: Kultursjef Åshild Marie Øverland (til venstre) og kinosjef Gudrun Rueslåtten er spesielt stolte over at det er dei nå restaurerte veggmåleria i Folkets Hus som prydar framsida på programmet til Kulturhaust i Ryfylke. (Foto; Ingvil Bakka)

Rik kulturhaust – trass stengt Folkets Hus

Må ty til kreative løysingar i byggeperioden.

– Heldigvis har me det nye biblioteket. Der står alt på hjul, slik at me raskt kan rydda lokalet og setta fram stolar. Nærleiken til kinosalen er også ein stor fordel, seier kultursjef Åshild Marie Øverland.

I denne veka blir informasjonsbrosjyren ”Kulturhaust i Ryfylke” sendt ut til husstandane i Sauda. Kultursjef Øverland og kinosjef Gudrun Rueslåtten er stolte over at programmet er blitt såpass rikt, sjølv om nå avstengte Folkets Hus set ei avgrensing på kva type arrangement Sauda kan imot i haust.

– Heldigvis har Sauda eit rikt organisasjonsliv som er med på å bidra til stor aktivitet på kulturfronten. Me trudde først at det ville bli eit smalt program i år, men då me begynte å tella opp viste det seg at det skjer mykje, seier Øverland.

Kinosjef Rueslåtten fortel om eit variert program med mange ulike arrangement for alle aldersgrupper.

– Eg trur me har noko for einkvar smak, seier ho. 

Eit av dei som truleg vil trekka flest folk er allsongshowet «Prøysen for alle», der Da Capo-general Vidar Lønn-Arnesen er programleiar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her