Travle helger

Politiet har litt å henga fingrane i.

Natt til sundag fekk politiet melding om høg musikk frå ein privatbustad nær sentrum. Etter pålegg frå politiet roa dette seg. Seinare fekk politiet melding om at fleire personar skal ha slåst i sentrum, då i tilknyting til ein utestad. Det skal ikkje vera snakk om særlege fysiske skader. Politiet kontakta dei involverte og sa at dersom dei ville ta saka vidare måtte dei anmelda saka sjølv. I går, måndag, hadde ingen møtt opp for å anmelda forholdet.

Natt til laurdag for over ei veke sidan stoppa politiet ein bilist i Sauda sentrum. Vedkommande, ein mann i tjueåra, er mistenkt for å ha kjørt i rusa tilstand.

Same natt måtte politiet kjøra tre rusa mindreårige jenter heim til foreldra deira.

Jentene, som er født i 1997 og 1998, blei oppdaga utandørs, nær sentrum.

Politiet måtte også bortvisa to menn i 18-20-årsalderen frå sentrum, då dei yppa til slåsting og bråk.

Natt til laurdag, også det for halvanna veke sidan, like rundt klokka 03, måtte politiet ta hand om ein rusa mann i trettiåra. Han laga kvalm og var ufin mot andre. Politiet kom og pågreip han og kjørte han til arresten i Haugesund.

– Åtferda hans gjorde at han hadde ingenting i sentrum å gjera, seier lensmann Siri F. Indrebø.

Byturen enda med at saudamannen nå er meldt for tre forhold: Ordensforstyrrelse, lekamsfornærming  – og for drapstruslar mot politibetjentane.