– Brua er ein skikkeleg flaskehals, seier Ivar Tangeraas om brua i Jeskedalen.
Den tre meter breie og 15 meter lange brua i Jeskedalen blei truleg, etter det Ryfylke kjenner til, bygt på 1930-talet. I samband med anleggstida i Helgedalen blei brua forsterka i 1967. Brua skal nå vera dimensjonert til å tola eit åtte tonn tungt akseltrykk.
Fleire lokale prosjekt i området gjer at Tangeraas meiner det er på tide å bygga ny bru over elva i Jeskedalen. Medan Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen skal i gang med å utbetra delar av vegen mellom Espeland og Jeskedalen for seks millionar kroner, jobbar Haugaland Kraft med elektrifisering av Åbødalen-området. I tillegg skal Aktieselskabet Saudefaldene i gang med oppgraderingar ved Helgelandsdammen.
– Både Haugaland Kraft og Saudefaldene sine arbeid i området krev mykje tungtransport. Eg meiner at brua ikkje er dimensjonert for slik bruk og derfor bør fornyast, seier Tangeraas.
Truleg vil bygging av ei ny bru over Nordelva i Jeskedalen kosta to-tre millionar kroner.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her