*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BER OM MØTE: Ordførar Frode Sulen ber om møte med Posten for å diskutera postutleveringa i Sauda. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Lite nøgd med sein post

Ordførar Frode Sulen liker ikkje at all inn- og utgåande post til Rådhuset kan verta eit døgn forseinka.

– Eg liker det ikkje i det heile teke. I våre moderne tider kan det ikkje vera dette som er intensjonen, seier ordførar Frode Sulen.

Det som har fått han til å skriva klagebrev til Posten, er opplysninga han har fått frå den lokale Post i butikk-tenesta at posten frå oktober vil koma endå seinare til Rådhuset. Han forklarer at etter at det vart Post i butikk i Sauda har ein på Rådhuset opplevt at tenesta vert stadig dårlegare.

– Tidlegare henta me i kommunen alltid posten klokka 09.00. Dette tidspunktet har stadig vorte forskjøve. Per i dag vert posten henta tidlegast klokka 10.00. Me opplever ofte at posten då ikkje er fordelt og at me eventuelt må henta denne seinare på dagen eller dagen etter, forklarer Sulen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her