RÅSTERK: Hildeborg Juvet Hugdal løftar tungt i dag i 12-tida. Ho deltar nemleg i styrkeløftkonkurransen Western European Cup i Torino i Italia. (Arkivfoto)
RÅSTERK: Hildeborg Juvet Hugdal løftar tungt i dag i 12-tida. Ho deltar nemleg i styrkeløftkonkurransen Western European Cup i Torino i Italia. (Arkivfoto)

Kjempar om nye rekordar i dag

Hildeborg Juvet Hugdal bruker Western European Cup i Italia som oppkjøring fram mot VM.

– Eg er i mitt livs form for tida, og er spesielt sugen på samanlagtrekorden, seier styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal.

Onsdag denne veka reiste 30-åringen til Torino i Italia for å delta i den årlege styrkeløftkonkurransen Western European Cup. Konkurransen er, ifølge Juvet Hugdal, eit typisk stemne for dei som gjerne har problem med å kvalifisera seg til VM. Totalt er  39 menn og 23 damer påmeldt. I klassen til saudakvinna er det bare to deltakarar. Konkurrenten, Brenda van der Meulen frå Nederland, løftar nær 100 kilo mindre enn Juvet Hugdal samanlagt. Og, blant alle dei 23 kvinnene som deltar i Italia er dei kun nederlandske Ankie Timmers, i to lågare vektklassar, som har eit løft som er tyngre enn Juvet Hugdal. Ho løftar nemleg 210 kilo i markløft, øvinga der Juvet Hugdal har 192,5 som sitt beste resultat. Sjølv om konkurransen er liten, meiner Juvet Hugdal at det er viktig å delta.

– Eg synest det er for lang tid mellom NM i juni til VM i november. Derfor er Western European Cup ei fin trening og grei oppkjøring mot VM-konkurransen. VM er utvilsamt viktigast, presiserer Juvet Hugdal, som løftar i Torino i dag, fredag.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her