Indre Ryfylke barnevern
*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Nytt leiarskifte i barnevernet

Sauda kommune må igjen ut og finna ein ny barnevernleiar etter at Hallgeir Amdal har valt å slutta i jobben etter bare seks månader.

– Ingen god situasjon, vedgår kommunalsjef helse, Aina Olene Tveit, etter at barnevernleiar Hallgeir Amdal alt i løpet av få veker forlet barnevernet.

Hallgeir Amdal blei fast tilsett som ny barnevernleiar i februar i år og starta i stillinga i midten av mars. 59-åringen, som er utdanna sosionom, fekk då eitt års permisjon frå sin faste jobb som saksbehandlar i Nav. Nå, seks månader seinare, har altså Amdal valt å seia opp leiarstillinga ved barnevernkontoret.

– Eg har nå fungert i rolla som barnevernleiar i eit halvt år. Etter evaluering av denne perioden har eg kome fram til at dette ikkje er ei stilling som eg kjem til å halda fram i. Dette heng saman med at eg opplever forventningar knytt til denne rolla som eg ikkje vil kunna levera. Sidan eg alt har konkludert med at eg ikkje kjem til å bli verande i barneverntenesta, og det er signalisert at det er rom for å venda tilbake til stillinga mi i Nav tidlegare enn tenkt, vil eg venda tilbake til Nav ved inngangen til oktober, skriv Hallgeir Amdal i ein uttale.

Det lokale barnevernet har slitt med fleire bemanningsutfordringar, spesielt dei siste fem-seks åra. Fleire utskiftingar, både på leiarsida og blant saksbehandlarane, har tært på tenesta, som er underlagt Helsesenteret i det gamle sjukehusbygget.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her