FORSLAG: Slik kan det planlagde utebadeanlegget ved Saudahallen verta, ut frå skissene som ligg føre. Kva prisen til sjuande og sist vil koma på, vert truleg klart i løpet av dei komande vekene. (Illustrasjon: PP Arkitekter)
FORSLAG: Slik kan det planlagde utebadeanlegget ved Saudahallen verta, ut frå skissene som ligg føre. Kva prisen til sjuande og sist vil koma på, vert truleg klart i løpet av dei komande vekene. (Illustrasjon: PP Arkitekter)

Snart bassengavgjerd

Vedtaket i utebebassengsaka er venta i løpet av månaden. Onsdag diskuterte politikarane saka bak lukka dører.

Skal det koma eit utandørs badeanlegg ved Saudahallen, og kva vil den endelege prisen verta? Svara på spørsmåla er venta i løpet av månaden.

– Forhandlingane med to aktuelle leverandørar pågår. Det er gode prosessar og me håpar å koma fram til ein avtale i denne månaden, opplyser kommunalsjef fellestenester, Andreas Fløgstad.

Då forhandlingane framleis pågår, ønsker kommunalsjefen ikkje å kommentera dei økonomiske rammene kommunen forhandlar innan.

Kommunestyret har tidlegare vedteke at badebassenget skal realiserast innan ei ramme på 17 millionar kroner. Prosjektet har vore lyst ut på anbod, og to interessentar fekk frist til 1. august med å levera sine berekningar. Etter det har altså forhandlingane halde fram.

8. juli uttalte rådgivar Knut Øverbø i konsulentselskapet Asplan Viak til Ryfylke at han vurderte det slik at bassengskissene som tidlegare var lagde fram måtte reviderast for å halda seg innan kostnadsramma på 17 millionar kroner. Han meinte at eit anlegg som skissert i utkasta ville koma på 30 millionar kroner.

Kommunestyret vedtok i 2012 å øyremerka 5,3 millionar kroner til utebassengprosjektet både i 2013 og 2014. Same haust tok Eva K. Lien, dagleg leiar i Effektivt Renhold, initiativ til å starta ein innsamlingsaksjon blant lokale næringsaktørar. Sauda Vekst lova då å dobla bidraga frå næringslivet. Den totale summen som per i dag er disponibel for prosjektet, er 16 165 000 kroner, medrekna dei øyremerka kommunale midla.

Onsdag diskuterte først formannskapet utebassenget i eit ekstraordinært, lukka møte. Ordførar Frode Sulen opna det påfølgande, opne møtet i kommunestyret med å spørra representantane om dei var villige til å diskutera bassengsaka seinare i møtet, då saka ikkje var ført opp på saklista. Han informerte óg om at han ville lukka møtet under denne behandlinga.

Ryfylke protesterte på at saka skulle haldast unna ålmenta, og kravde ei grunngiving bygt på lovverk. Etter mykje diskusjon, viste kommuneadministrasjonen til paragrafar i kommunelova og forvaltingslova. Avisa meinte desse lovane ikkje var relevante og leverte eit skriftleg krav i medhald av offentleglova om å vera til stades under diskusjonen.

Då kommunestyret hadde behandla ferdig sakene på saklista, opplyste kommuneadministrasjonen at dei hadde rådført seg med advokatar i KS med offenleglova som spesialfelt.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her