*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FLYTTAR HIT: Harald Halvorsen Løland har sidan 2010 leia Tveit Regnskap si avdeling i Sauda/Suldal. Med seg har han i dag Anne Brit Solland (frå venstre), Else Risvold og Målfrid Kvernenes. Måndag blei arbeidsstokken i Sauda utvida med tilsettinga av Stine Solbrekk (ikkje på biletet). (Foto: Ingvil Bakka)

Tveit Regnskap utvidar – og flyttar

Den aukande kundemassen, spesielt på bedriftsmarknaden, gir rekneskapsfirmaet meir arbeid.

–  Me går frå to til fem kontorplassar. Det blir bra, seier Harald Halvorsen Løland, avdelingsleiar for Tveit Regnskap sine kontor i Sauda og på Sand.

Tysdag i komande veke flyttar saudaavdelinga ut frå sine to kontor i Triangel-bygget midt i sentrum til nyoppussa lokal i Toppadalen, der basen blir i dei tidlegare lensmannskontora. Her får rekneskapsfirmaet fem kontor og fleire fellesareal å boltra seg på. Ein stor overgang for dei tilsette som kvar veke har måtta planlegga kven som skal bruka dei to kontora i Triangel-bygget i Sauda, kven som skal pendla til kontora på Sand og kven som må ta i bruk heimekontor. Løland fortel at firmaet lenge har ønska å flytta til større lokal. Nyleg var tre år med venting på dei ”rette” lokala omsider over. Avgjerda om å flytta inn i dei tidlegare lensmannskontora i Toppadalen blei tatt for bare eit par veker sidan.

– Me har ikkje tid til å venta. Me må gjera det før arbeidet med momsen startar, forklarer  Løland muntert.

Tveit Regnskap blei etablert i 1969 av skjoldabuen Jarle Tveit, som såg at bønder og næringsliv i Vindafjord hadde behov for rekneskapshjelp. Einmannsbedrifta har sidan den gong utvikla seg til ei storbedrift med 160 tilsette, som tar oppdrag for 2 100 bedriftskundar og 1 600 landbrukskundar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her