Joachim Snare og Kjell Rørtveit med livbåt
SPESIELT: – Ein livbåt kan vera greitt å ha, tenkte Joachim Snare (til venstre) og Kjell Rørtveit. Og så kjøpte dei ein som dei brukte 12,5 timar på å sigla inn frå Haugesund. (Foto: Arvid Horpestad)

To mann i livbåt

Då Joachim Snare og Kjell Rørtveit skulle kjøpa fritidsbåt, sigla dei sin eigen veg.

Dei vekker oppsikt i båthamna med fartyet sitt, Joachim Snare og Kjell Rørtveit. Dei har nemleg skaffa seg ein livbåt. Eit farty på 34 fot, i oransje glasfiber og sigarforma som ja, nettopp, ein livbåt.

– Originalt var her plass til 120 personar, den gongen den var innreia som livbåt, opplyser Joachim Snare.

No er der lite av innreiing. Det skal karane gjera noko med, litt etter litt.

– Me skal laga eit skikkeleg golv, og benker og slikt, seier Kjell Rørtveit.

Sengeplass har dei óg i tankane. Kjøkken står ikkje på planen, ennå. Men kven veit, med tid og stundar. Plass og takhøgde står det i alle fall ikkje på.

– Og kanskje ein terrasse, óg, på taket, legg Rørtveit til.

«Dekk» er tydelegvis ikkje det rette uttrykket å bruka når det er tale om ein livbåt med utforming som dette. Eller kanskje det er kahyttaket han siktar til?

– Me får sjå kva me endar opp med, kommenterer Snare om innreiinga av farkosten.

Korleis kom så Snare og Rørtveit på ideen om å kjøpa ein livbåt? Begge både arbeider og trivst svært så godt på sjøen. Snare siglar som elektrikar, Rørtveit som matros.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her