*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BILLØP: I pinsen neste år arrangerer Gammelbilens venner på Jæren Norgesløpet 2015. Temaet for det komande arrangementet er energi og industri, og starten er lagt til Sauda. Biletet er frå Norgesløpet 2014, som gjekk i bergenstraktene i slutten av juli. Bilen på biletet er eigt av Geir Mehl og er ein Ford A Phaeton 1928-modell. (Foto: Leif M. Skare)

Norgesløpet 2015 med start i Sauda

Målet er minst hundre veteranbilar på startstreken.

– Me har valt ”energi og industri” som tema. Då var det heilt naturleg å legga starten til Sauda, seier Leif M. Skare frå Gammelbilens venner på Jæren.

Kvart arrangerer Landsforbundet av motorhistoriske kjøretøyklubber (LMK) Norgesløpet. Arrangementet blir fordelt ut på dei 144 norske medlemsklubbane, og i 2015 har rogalendingane i Gammelbilens venner på Jæren fått oppdraget. Målet er å få hundre bilar på startstreken i Sauda når løpet startar i pinsen 2015.

– Me har valt å laga til eit todagars-løp. Me startar i Sauda, kjører over Røldalsfjellet, fortset ned til Nesflaten, besøker Energihotellet og ser på kraftverka før me kjører vidare til Hjelmeland der det blir overnatting. Deretter går ruta vidare gjennom Ryfylke, Oanes og Lauvik før me har målgang ved Sola strandhotell, forklarer Skare, som er leiar av arrangementskomiteen til Gammelbilens venner.

I Norgesløpet legg arrangøren opp til postar langs ruta der deltakarane må svara på spørsmål som dei fyller ut på eit svarskjema og dei elles må utføra diverse praktiske øvinga. Temaet vil heile vegen dreia seg om energi og industri. Skare fortel at det på ingen måte er viktig å vera førstemann til mål eller komma raskast gjennom løypa.

– Her er målet er å vera bestemann til mål. Dette er eit gammalbilløp, ikkje rally, seier bilentusiasten.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her