*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LIKER DET IKKJE: Laura Seltveit og dei andre arbeidarpartipolitikarane i fylkestinget stemte, saman med Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og uavhengige Fride Solbakken, imot å gjera Rogaland kollektivtrafikk og Kolumbus om til eit aksjeselskap. Vedtaket blei fatta tysdag. (Foto: Ingvil Bakka)

Rogaland kollektivtrafikk omgjort til eit aksjeselskap

Politikarane må forlata styret.

– Ein veg som Høgre og Framstegspartiet kjører fullt ut, i tråd med den politikken regjeringa legg opp til, konstaterer Laura Seltveit, arbeidarpartipolitikar og medlem i Rogaland fylkesting.

Fylkestinget i Rogaland vedtok i sitt møte tysdag denne veka å gjera om det fylkeskommunale føretaket Rogaland kollektivtrafikk til eit aksjeselskap. Vedtaket blei gjort med 29 mot 18 stemmer. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet Venstre og uavhengige Fride Solbakken stemte imot. Laura Seltveit liker ikkje at drifta av kollektivtrafikken nå skal styrast av aksjelova.

– Eg er skeptisk, ja. Eg meiner at det er bedre med eit styre med folkevalde politikarar framfor eit styre med profesjonelle representantar, seier ho.

Det er framleis Rogaland fylkeskommune som vil eiga Rogaland kollektivtrafikk. Seltveit meiner at området ”samferdsel” er eit av dei største og viktigaste i fylket, og at det då er viktig at den politiske leiinga får ei hand med på rattet når det gjeld styringa av selskapet.

– Eg fryktar at denne omlegginga kan føra til eit dårlegare tenestetilbod i distrikta. I tillegg er eg redd for at økonomi nå blir hovudfokuset, seier Seltveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her