*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Roleg julefeiring i Sauda, trass mange fridagar og høg feststemning.

Dømt til eitt år i fengsel

Saudamann i tjueåra er dømt til fengsel for narkotikabruk og trugslar.

Mannen måtte møta i Haugaland tingrett i slutten av oktober, tiltalt for brot på fire punkt i straffelova.

Han skal i perioden oktober-november 2013 ha kjøpt cirka 100 gram amfetamin av ein ikkje namngitt person i Haugesund. Fram til februar 2014 skal han jamleg ha brukt amfetamin. Han skal også ha blitt tatt for hasjrøyking i august i år. Politiet skal også ha beslaglagt dopingmidlar då dei pågreip han i februar i år.

Saudamannen var i tingretten også tiltalt for tre tilfelle av trugslar. I sentralarresten i Haugesund, skal han ha truga ein arrestforvarar som skulle føra han tilbake til cella. Same dag, i samband med at han skulle hentast ut av arresten for å bli avhøyrt, sa han til ein saudabetjent at han skulle ”ta deg og din familie”.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.