Fiskefolket fekk alt

Søkte om 67 000 – fekk 67 000.

Heile Fiskefondet for 2014, 76 661 kroner, er tildelt Sauda jeger- og fiskerforening. Foreininga søkte om å få midlane til fire prosjekt dei hadde i 2013. Dei sette då ut 4 450 lakseyngel i Storelva, 8 500 sjøaureyngel i Nordelva og Risvollelva, 1 000 sjøauresmolt i Nordelva og Storelva og 450 fjellaureyngel i fjellvatna. I søknaden sin ba jeger- og fiskarforeininga om 76 000 kroner i støtte frå fiskefondet, noko dei altså fekk innvilga. Det var i år tre søkarar til det lokale fiskefondet.