Godtar nedlegginga av Ungdomskafeen

Men Ungdomsrådet vil gjerne ha kafeen tilbake når Folkets Hus er ferdig oppgradert

Torsdag var det møte i det lokale Ungdomsrådet. Sju av ni medlemmer møtte, i tillegg til møtesekretæren Solfrid Handeland. Eitt av punkta undommane skulle diskutera i møtet var ”Økonomiplan for Sauda kommune 2015-2018”.

I sitt budsjettforslag for 2015 føreslår rådmann Wictor Juul å mellombels legga ned drifta av ungdomskafeen. Han grunngir dette med at det er få ungdommar som nyttar seg av dette fritidstilbodet. Kafeen har sidan i slutten av mars i år vore lokalisert i kantina på ungdomsskulen. Dette som ei mellombels løysing medan Folkets Hus blir oppgradert til eit framtidig kulturhus. Ungdomsrådet støttar rådmannen sitt forslag om å legga ned drifta av kafeen i 2015.

– Ungdomskafeen som nå er lagt til kantina på ungdomsskulen er ikkje ei populær ordning, og det er lite brukt, heiter det i uttalen frå rådet.

Ungdommane vil likevel understreka at ei nedlegging av den mellombelse kafeen ikkje må bety ei endeleg nedlegging av ungdomskafeen. Dei minnar derfor om at det er viktig at kafeen kjem på plass igjen når nye Folkets Hus er oppgradert.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her