Rune Årthun kom heim til jul

42-åringen er utskriven frå sjukehuset.

Brødr. Selvik-tilsette Rune Årthun blei alvorleg skadd i ei arbeidsulukke på Ropeidvegen fredag 21. november. Ein kollega, ein gravemaskinførar, skal ha begynt å løfta på ei skuffe på fleire hundre kilo, samstundes som Årthun, som skulle dirigera trafikken forbi arbeidsstaden, flytta seg for å fjerna eit røyr. Årthun skal ha blitt skubba bort av skuffa og fått den andre skuffa delvis over seg og kome i klem. Den første legeundersøkinga av 42-åringen skal ha antyda at skadane ikkje var så alvorlege, men klemskadane hans skal altså ha vore langt verre enn først antatt. Ei stund var det uvisst om han ville overleva skadane han pådrog seg.

Rune Årthun kom med båt frå Stavanger i dag, tysdag, og blei henta heim frå kaien på Ropeid. Årthun har, etter førespurnad frå Ryfylke, signalisert at han gjerne vil uttala seg til avisa.

Les meir i papiravisa på fredag.