*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MÅ LÅNA ENDÅ MEIR: Politikarane rosa rådmann Wictor Juul for hans arbeid med budsjettet for 2015. Likevel valde dei å trassa råda hans på fleire område. Det nå vedtatte 2015-budsjettet betyr 26 millionar kroner meir i låneopptak og eit mindre driftsoverskot enn kva Juul føreslo. (Arkivfoto: Linda M. Lie)

Politikarane vil bruka – og låna – endå meir pengar i 2015

Kommunestyret heva rådmannen sitt føreslåtte låneopptak frå 21 millionar til 47 millionar kroner.

– Auka låneopptak fører til meir utgifter til renter og avdrag. Dette kan føra til at me må kutta endå meir i drifta komande år – om me ikkje begynner å tena meir pengar, seier rådmann Wictor Juul.

I budsjettforslaget til rådmannen var det sett av åtte millionar kroner til å utvida Rustå og Leabøen barnehagar med til saman fire nye avdelingar, samstundes som planen var å legga ned treavdelingsbarnehagen Veslefrikk i Åbøbyen. Fleirtalet blant politikarane, med Senterpartiets Eirik Birkeland i spissen, ville det annleis.

– Me ønsker at Sauda er attraktivt for barnefamiliar og at me greier å auka innbyggartalet. Barnehagane er fulle og me må gjera noko. Me ønsker ein fem-avdelingsbarnehage i Åbøbyen og meiner at dette arbeidet må komma i gang raskt, sa Birkeland, som fremma forslag om dette på vegner av Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

Forslaget blei vedtatt, og dermed må kommunen låna 27 millionar kroner til dette prosjektet, 19 meir enn rådmannen hadde sett føre seg å bruka på å utvida barnehagekapasiteten i bygda. I tillegg vil dei fem partia bruka sju millionar kroner på Folkets Hus i 2015, pengar som også må skaffast gjennom lån. Dermed enda låneopptaka i 2015 på tilsaman 47 millionar kroner, og ikkje 21 millionar kroner som rådmannen hadde ønska.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her