*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
WELDONE-LEIINGA: Amund Fattnes (nærast kamera) begynte som platearbeidarlærling hos Weldone i 1998. I går hadde han sin første arbeidsdag som dagleg leiar av den 67 år gamle mekaniske bedrifta i Saudasjøen, der Paul Rune Engebretsen er styreleiar. (Foto: Ingvil Bakka)

Nytt år – ny sjef

Amund Fattnes er ny dagleg leiar hos Weldone as.

– Eg har litt peiling, sjølv om eg ikkje har alle dei formelle utdanningspapira, seier 35-åringen.

I går, måndag, hadde han sin første arbeidsdag som øvste leiar ved den mekanisk/industrielle bedrifta Weldone i Saudasjøen. Amund Fattnes overtar etter Dagfinn P. Johnsen, som sat i stillinga i 14,5 år. Medan Johnsen er utdanna siviløkonom og hadde brei leiarerfaring då han starta i jobben sommaren 2000, har den nye daglege leiaren ein litt annan bakgrunn.

Fattnes starta nemleg som platearbeidarlærling ved Weldone i 1998. Etter seks år flytta han til Stavanger der han fekk jobb i Archer Oil Tools as, der den unge vanviksbuen gjekk gradene frå verkstadarbeidar til formann, før han enda opp som operasjonsingeniør. Rett nok utan å ha tatt noko meir fagleg utdanning enn den kompetanseutviklinga han tileigna seg gjennom jobben sin.

– Viss ein kan og vil noko, er det ikkje alltid så viktig med papir. Leiinga hadde tru på meg og eg hadde ikkje vore her eg er i dag utan den tilliten Archer viste meg, er Amund Fattnes overbevist om.

Hausten 2010 søkte Weldone as etter ein salsingeniør. Fattnes søkte, fekk jobben og flytta heim igjen. Ingeniør er ingen beskytta tittel, og Fattnes fortel at det er meir og meir vanleg at folk utan ingeniørutdanning bruker tittelen i salskommunikasjon innan industrien. Dette for å visa at seljaren faktisk har ein del peiling på kva produkt han eller ho skal marknadsføra. Styret, med leiar Paul Rune Engebretsen i spissen, gjekk nokre rundar med seg sjølv og Fattnes før dei valde å oppgradera salssjefen til dagleg leiar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her