*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LOSSA MALM: Ulukka skjedde ved smelteverkskaien under arbeid med lossing frå lasteskipet ”US Colorado” i 18-tida tysdag. (Foto: Arvid Horpestad)

Lettare skadd etter dramatisk fall

Kranhuset losna og landa i lasterommet 30 meter lenger nede.

– Han har fått ei rift i ei hand og han har klaga over litt smerter i ryggen. Kanskje har han fått eit lite brot i ryggen. Men elles er han i fin form, utruleg nok, seier politibetjent Harald Ramnefjell ved Sauda lensmannskontor.

Ulukka skjedde like rundt klokka 18.00 tysdag kveld. Ein kranførar, tilsett ved Tipp Transport, var i ferd med å lossa malm frå lasteskipet ”US Colorado”. Arbeidet var nesten ferdig då kranhuset han sat i plutseleg losna frå sjølve krana, som stod fast på smelteverkskaia. Kranhuset, med kranføraren inni, ramla heilt ned i lasterommet på skipet, tretti meter lenger nede.

– På veg ned har kranhuset treft kanten på lasterommet etter cirka ti meter, og deretter treft grabben før den landa nede i lasterommet. Kranhuset har med andre ord fått to støtdempingar på vegen ned, og dette har nok bidratt til at det trass alt gjekk godt med mannen, seier Ramnefjell.

Kva som er årsaka til at kranhuset losna er førebels ikkje klart. Både politiet og Arbeidstilsynet etterforskar saka.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her