Knuste hotelldøra

Tatt på fersken av nattevakta.

– Ein dårleg plass å bryta seg inn. Me har jo nattevakt her, og eg høyrde at det small, fortel Jan Nordbø, innehavar i Kløver Hotel i Sauda sentrum, om hendinga i 02.50-tida natt til sundag.

Inne i lokalet fann han ein rusa mann i begynnelsen av tjueåra, som hadde tatt seg inn med å knusa ei inngangsdør. Nordbø ringte politiet, som var på plass etter få minutt.

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at mannen var noko vrang, og fekk forbod mot å visa seg i sentrum før klokka 08.00 den påfølgande morgonen. Politiet ventar nå på at Nordbø skal anmelda skadeverket.

– Dersom han ikkje anmelder saka, vil me oppretta sak på ordensforstyrring. Slike ting skal me uansett slå ned på, seier ho.