SPERRA VEGEN: Linjetrådane hang ned over vegbanen. Det var ikkje straum i trådane ettersom kraftlinja ikkje lenger er tilkopla straumnettet. (Foto: Ingvil Bakka)
SPERRA VEGEN: Linjetrådane hang ned over vegbanen. Det var ikkje straum i trådane ettersom kraftlinja ikkje lenger er tilkopla straumnettet. (Foto: Ingvil Bakka)

Utfasa kraftlinje kollapsa

Linjetrådane datt ned over vegbanen i Kastfoss.

– Me ser alvorleg på saka og vil setta oss ned med entreprenøren for å finna ut årsak til og omfang av det som skjedde, seier Svein Ilstad, direktør i Saudefaldene.

Kraftselskapet fekk klokka 06.50, i dag, tysdag, melding om at linjetrådar frå ei kraftlinje hadde sege ned og låg over vegbanen i Kastfossbakken, opp mot birkelandsida. Mannskap blei sendt ut og vegen blei sperra. Det blei raskt konstatert at linjetrådane kom frå den gamle kraftlinja som Saudefaldene er i ferd med riva.

Denne linja, som ikkje er i bruk i straumnettet lenger, er kappa i begge endar av linjestrekket, men fleire stadar heng trådane framleis i mastene.

– Det er ikkje straum på desse trådane, men me måtte sjølvsagt likevel ta ein spenningsprøve for å forsikra oss om at det ikkje var farleg når me skulle fjerna dei, seier Ilstad.

Saudefaldene har lenge jobba med å riva den gamle kraftlinja mellom Hellandsbygd og Sauda.

– Å riva kraftlinjer er alltid forbunde med ein risiko. Sjølv om linjetrådane blir bardunert kan me få skjeive strekk. Men dette skal så klart ikkje skje. Om det har samanheng med uvêret me har hatt tidlegare i vinter og snøfallet me fekk i natt, veit me førebels ikkje sikkert, seier Svein Ilstad, direktør i Saudefaldene.

Saudefaldene jobbar nå i morgontimane med å undersøka resten av linjestrekket på den gamle, nedlagte kraftlinja.

Vegen blei opna igjen for trafikk rundt klokka 07.50.