*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SOSIAL GJENG: Brukarane av dagsenteret på Høllandstunet har fått dreisen på golf-putting. Seinare i år ønsker dei å besøka golfbanen på Grønsdal. Frå venstre: Aktivitør Anita Viland, Johannes Øverland (85 år), Martha Lønseth (84 år), Sigmund Tengesdal (85 år), Leif Sandvik (med golfkølla, 84 år), Olaf Øverland (81 år), aktivitør Solveig Arnøy og Arne Pedersen (91 år). (Foto: Ingvil Bakka)

Frå passivitet til aktivitet – på dagsenteret

Passiv alderdom? Gløym det. På dagsenteret på Høllandstunet drar dei eldre på ekskursjonar, bussturar og kulturelle tilstellingar.

– Eit jysla godt tilbod. Eg gler meg til kvar einaste gong eg skal til dagsenteret. Ekstra kjekt er det når me har noko spesielt på programmet, som føredrag eller turar, men eg gler meg uansett, eg, seier 86 år gamle Olav Wedvik, som er ein av dei faste brukarane av dagsenteret på Høllandstunet.

Kvar tysdag, onsdag og torsdag er dagsenteret ope frå klokka ni om morgonen til to om ettermiddagen. Her får brukarane både frukost og middag – i tillegg til mulegheter til å få delta på ei rekke med varierte aktivitetar. I basen sin på Høllandstunet driv dei gjerne med gymnastikk, jobbar med diverse snikkar-oppgåver eller gjer anna handarbeid, les aviser og diskuterer.

­– Det er moro å snikra litt av og til. Det blir ikkje så mykje slikt heime lenger, vedgår 84 år gamle Leif Sandvik, som i si tid jobba som snikkar.

Av og til kjem det besøk til dagsenteret. Nokre speler musikk og bidrar med song, andre fortel om sine interesser og opplevingar.

– Me har også hatt besøk av Espen Iversen. Ein kjekk, ung gut som er ambulanselærling og som er ein ivrig brukar av naturen. Han viste oss flotte bilete og fortalde om turane sine, forklarer aktivitør Solveig Arnøy.

Også ordførar Frode Sulen har besøkt dagsenteret og fortalt om sine erfaringar knytt til hjelpearbeid i Kosovo.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her