Frode Sulen ved Svandalsfossen
TING SKJER: Ordførar Frode Sulen er svært glad for at vegvesenet har fått i oppdrag av fylkessamferdslesjef Gottfried Heinzerling å utgreia løysingar for å sikra framkomet på fylkesvegen forbi Svandalsfossen. Denne utgreiinga skal vera ferdig i løpet av sommaren.

Ser løysing for Svandalsfossen

Ordførar Frode Sulen er glad for at sikringstiltak for fylkesvegen forbi Svandalsfossen er under utgreiing.

– Veldig gledeleg. No er me kome eit viktig steg vidare i prosessane fram mot at Sauda ikkje lenger risikerer å vera isolert frå omverda i uvêrsperiodar, konstaterer ordførar Frode Sulen fornøgd.

Han har akkurat fått ein epost frå fylkessamferdslesjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling. Dette var ein epost ordføraren sette særleg stor pris på å få. Heinzerling stadfesta nemleg i meldinga at han har gjort avtale med Statens vegvesen om at etaten ser på tiltak for å sikra framkomet forbi Svandalsfossen. Fylkessamferdslesjefen forventar at denne utgreiinga vil vera ferdig i løpet av sommaren.

Fylkesveg 520 var tysdag 28. oktober 2014 stengt ved Svandalsfossen mellom klokka 15.00 og 18.40. Eit svært kraftig regnvêr raste då over Sauda, og vassråket frå ein flaumstor foss gjorde det umogleg å sleppa trafikk forbi fossen. Samstundes måtte fylkesvegen austover mot Røldal stengast i fleire timar grunna flaumvatn i køyrebanen i nærleiken av Almannajuvet. I tillegg fekk Sauda kommune melding om at legehelikopteret ikkje kunne koma inn grunna uvêret, men at Sea King-helikoperet kunne ha kome ved behov. Alt dette betydde at Sauda var isolert frå omverda i fleire timar denne tysdagsettermiddagen.

Dette var heller slett ikkje ikkje første gongen fylkesveg 520 forbi Svandalsfossen måtte stengast grunna vassråket frå fossen, eller at bilistane har store problem med sikta når dei må prøva å køyra gjennom vassmassane. Det meir spesielle denne oktoberdagen var alle dei samanfallande hendingane som altså isolerte bygda frå omverda i fleire timar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her