Folkets Hus
NY EIGARFORM: Sauda kommune kjøpte Folkets Hus-bygget av Sauda Fabrikkarbeiderforening for ei krone i april 2013. Men kommunen vil ikkje eiga bygget åleine lenger. Nå blir det jobba med å etablera eit eigedomsselskap med fleire aktuelle partnarar. Eigedomsselskapet skal så leiga kulturbygget ut til Sauda kommune. (Arkivfoto: Arvid Horpestad)

Jobbar med aksjeselskap-planar

Målet er at Sauda Nye Folkets Hus AS blir etablert i løpet av få månader.

Rådmann Wictor Juul ser føre seg at eigedomsselskapet har ein aksjekapital på minimum tre millionar kroner og at kvar av dei 1 200 aksjane har ein verdi av 2 500 kroner. Tanken er at kommunen skal eiga halvparten av aksjane og at dei andre aksjonærane skal bidra med resten av aksjekapitalen på 1,5 millionar kroner. Han ber likevel politikarane om inntil 3,4 millionar kroner til å finansiera kommunen sin aksjekapital i det nye eigedomsselskapet.

– Dette for å ha litt å gå på til neste utviding av aksjekapitalen i selskapet, forklarer Juul.

Han presiserer at Sauda kommune har som mål å helst ikkje eiga meir enn en tredel av eigedomsselskapet.

Overtakinga av det åtti år gamle Folkets Hus-bygget blei vedtatt av Sauda kommunestyre 10. april 2013. I dette vedtaket blei det også løyva to millionar kroner til arbeidet med å finna eit best muleg eigar- og driftskonsept for kulturbygget. Det er dette arbeidet som nå, to år seinare, begynner å ta form.

For, medan restaureringa og det fysiske arbeidet med å utvikla Folkets Hus til Sauda nye kulturelle samlingsstad går sin gang, blir det jobba med å etablera eit ideelt aksjeselskap som skal stå som eigar av aksjeselskapet Sauda Nye Folkets Hus. Mulege, og førebels interesserte partnarar i dette selskapet er, i tillegg til Sauda kommune, Sparebankstiftelsen Sauda, Sauda Vekst AS og Sauda Fabrikkarbeiderforening.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her