Nå kjem 4G til Sauda

Høghastigheitsnettet skal vere på plass i løpet av sommaren.

– Vi må møte dei endra brukarvanane til mobilkundane. Vårt mål er gjennom ny teknologi å tilrettelegge for det nye brukarmønsteret, kommenterer Ellen C. Scheen, kommunikasjonsrådgivar i Netcom.

4G, teknologien for den nyaste generasjons mobiltenester, er etterfølgaren til 3G og 2G. I 2009 begynte Netcom, som første norske mobiloperatør, å bygge ut mobilnettet med tanke på å oppgradere til 4G i Norge. Mot slutten av året avduka dei det første 4G-nettverket ved hjelp av ein ny type teknologi, såkalla LTE. Eit drygt år seinare lanserte mobiloperatøren 4G også i Trondheim, Bergen og Stavanger og sidan fekk i tillegg fleire tettstader og ferieområder betre dekning. Frå og med 2011 blei det bestemt at LTE-nettet skulle byggast ut på nasjonalt plan og at alle aktørane med planar om eit slikt nett i Norge ville kalle tilbodet for 4G.

Etter at det i februar i år blei klart at det svensk-finske teleselskapet TeliaSoneras, som er Netcoms moderselskap, sitt kjøp av Tele2 blei godkjent av Konkurransetilsynet har imidlertid Netcom fått høve til å bygge ut raskare enn planlagt. Det betyr at Sauda og Suldal alt til sommaren får 4G-dekning.

– Oppstarten av arbeidet med basestasjonane i Sauda og Suldal er sett til mai månad. Det er ikkje heilt avklart kor mange stasjonar som vil bli sett opp, men dei to stadene vil i alle fall få ein stasjon kvar, opplyser Scheen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her