Travle dagar for politiet

Kontrollar, manglande førarkort, urinering og slåsting.

Torsdag i 12.00-tida gjennomførte politiet ein trafikkontroll i Sauda. 57 bilførarar blei stoppa. Ein mann i tjueåra blei tatt for å ha kjørt utan gyldig førarkort. Han har erkjent forholdet og vil bli bøtelagt.

Fredag midt på dagen fekk politiet melding om at ein mann hadde kome til skade etter ein slåstkamp mellom to saudabuar. Offeret, ein mann i førtiåra, hadde synlege skader i ansiktet, lause tenner og truleg fleire ribbeinsbrot. Politiet rykka ut og pågreip den mistenkte; ein saudamann i trettiåra. Han blei avhøyrt på det lokale lensmannskontoret før han blei sendt til Haugesund og framstilt for varetektsfengsling.

– Det at vedkommande hadde fleire uoppgjorte saker på seg og at valden var såpass grov gjorde at han blei fengsla i to veker, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Begge karane er kjente frå det lokale rusmiljøet.

Fredag kveld fekk politiet melding om at ei kvinne måtte til legevakt etter å ha vore i klammeri med ein mann.

– Partane har ingen nær relasjon, men dei har to ulike versjonar av kva som har skjedd. Førebels har me ikkje mottatt ei anmelding i saka, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

I 20-tida laurdag gjennomførte politiet ein trafikkontroll i Svandalen. 35 bilførarar blei sjekka. Ein av desse blåste til såkalla lågpromille. Etter den obligatoriske vente-halvtimen var vedkommande vurdert som skikka til å fortsetta kjøreturen.

– Me er kjent med at det truleg føregår ein del promillekjøring i Svandalen i helgane. Me vil derfor intensivera kontrollane våre i området, åtvarar lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Å lata vatnet utandørs i sentrum, og ikkje inne på eit toalett, er inga smart løysing, sjølv om ein er aldri så trengt. Natt til sundag kom politiet over ein urinerande kar i slutten av tenåra, og han kan nå venta seg eit klekkeleg førelegg i posten. Han har erkjent brotsverket.

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø melder om ei travel vakthelg for politiet.

– Det har vore ein del meldingar om bråk og småknuffing. Heldigvis er me nå godt bemanna i helgene. Denne helga hadde me ein bil som var stasjonert i Sauda heile helga. Den auka bemanninga vår gjer politiet meir synleg og meir tilgjengeleg, seier lensmannen fornøgd.