*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GIR RÅD: Politiet har informasjon om at kriminelle alt har vore på rekognosering i distriktet. Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø ber folk om å låsa dørene, sjølv for kortare turar. (Foto: Ingvil Bakka)

Åtvarar mot omreisande kriminelle

Politiet trur at også Sauda kan få uønska besøk i påskehøgtida.

– Me har opplysningar som seier at slike såkalla mobile vinningskriminelle har vore på rekognosering i distriktet vårt. Me fryktar at dei vil slå til i løpet av påsken, seier lensmann i Sauda og Suldal lensmannsdistrikt, Siri Fisketjøn Indrebø.

Talet på grove tjuveri i politidistriktet har auka kraftig det siste året. Så langt i år har Sauda derimot vore skåna, men ifølge politiet er det truleg bare eit tidspørsmål før tjuvane slår til også her. Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø fortel at tjuvane har herja i både sør-fylket og på Stord, Karmøy og Haugalandet i vinter.

Politiet har mistanke om at det er omreisande, utanlandske kriminelle som står bak dei grove tjuveria. Dette fordi mange av tjuveria har fellesteikn, både når det gjeld framgangsmåte og verdisaker som blir stolne. Lensmannen fortel at det er mest vanleg at tjuvane tar seg inn i tomme, eldre hus, som gjerne ligg litt skjerma til i eit bustadområde. Her bryt dei seg som regel i inn i andre etasje, der dei bryt eller bender opp vindauge eller altandører.

Tjuvane stel i hovudsak med seg smykker av gull og sølv og pengar. Det er klart at dei lar både sølvtøy, tvar, pcar, mobiltelefonar og ipadar ligga igjen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her